Heilhetleg tilnærming til kvinners helse

Helse  Næring ❘ Hormoner  Livsstil

 

 

Heilhetleg tilnærming til kvinners helse
Når kvinnekroppen ber kostnaden

Altfor mange kvinner går gjennom livet med plager dei har fått høyre er normale, sjølv om det påverkar både helsa, arbeidsevne og livskvalitet. I den internasjonale rapporten frå McKinsey kjem det fram at kvinner lever 25 prosent av liva sine med dårlegare helse enn menn. Ein del av forklaringa ligg i kvinners fysiologi og hormonsamansetning, som gjer kvinner meir utsatt for blant anna autoimmune sjukdommar, kroniske smertetilstandar, hjertesjukdom, depresjon og demens.

Kvinner er dei som ber fram nytt liv, men meir enn éin av tre som føder vaginalt, opplever varige helseplagar etterpå. I tillegg har kvinner ein fysiologisk sterkare stressrespons enn menn, noko som øker sårbarheita for stressrelaterte helseutfordringar.

Kunnskap om kvinnehelse handler ikkje berre om å forstå sjukdom. Det handler om å gi kvinner muligheit til å ha det så godt som mulig gjennom alle faser av livet.

 
Rapport: McKinsey Health Institute (2024) Closing the women’s health gap: A $1 trillion opportunity to improve lives and economies
 
Kvinnesterk gjennom livet

Som kvinne går du gjennom ulike fasar i livet, frå pubertet og voksenliv til overgangsalder og alderdom. For nokre omfatter reisa graviditet og barseltid, mens andre har eigne erfaringar som formar livet. Uansett kva retning livet tek, vil dei fleste møte utfordringar på vegen; hormonelle endringar, stress, kroniske plager eller sjukdommar som særleg rammer kvinner.

Gjennom både jobb og personlige erfaringar har eg sett kor stor påvirkning helse kan ha på livskvalitet, kvardag og muligheter. Eg har sett kor mange kvinner som sitt med spørsmål, bekymringar eller plager utan å vite kvar dei skal finne påliteleg informasjon eller få hjelp.

Derfor brenn eg for å formidle evidensbasert kunnskap om kvinnehelse. Målet mitt er å gi kvinner kunnskapen dei treng for å forstå kroppen sin bedre og ta informerte valg for eiga helse. Samtidig ønsker eg å løfte fram korleis små justeringar kan gjere ein stor forskjell, og at ein kan leve godt også når livet byr på utfordringar.